Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Riksteatret: Tung Tids Tale // Brygga Kultursal Halden

oktober 28, 2018 kl. 18:00 - 20:30

Ei perle av ei bok blir teater: «Olaug Nilssen tar pusten fra leseren med sin lille roman» – VG, 6 Om ei mors kjærleik og kamp for eit barn som er annleis. Daniel er tre år, og foreldra gler seg over kor flink han er til å synge og prate. Men så sluttar snakkinga. Latteren vender seg innover. Den vesle guten endrar seg. For mora begynner ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga han treng. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp? Tung tids tale er inga heltehistorie. Det er ei historie om oss alle. Skrive med både humor, sinne og varme. Om ei mor som må gi så mye meir kjærleik enn ho kan få. Om ei mor som møter ei tyngre tid enn ho visste fanst. Midt i Norge, midt i livet, midt i kvardagen til folk. Olaug Nilssen er ein av våre mest vitale og engasjerte forfattarar, med ein både skarp og inderleg penn, og med Tung tids tale vann ho i fjor Brageprisen. «Ei kjærleikshistorie,» kallar ho sjøl boka. Og når Riksteatret går saman med Det Norske Teatret og Kilden Teater om å lage teater av denne sterkt personlege og kritikarroste romanen, er det Marit Moum Aune som har regien. Ho er ein av våre fremste regissørar, med oppdrag for TV, film og teater, og har tidlegare laga publikumssuksessar av Olaug Nilssens Få meg på, for fanen, Vi har så korte armar og Stort og stygt. For tida er ho aktuell med Engler i Amerika på Nationaltheatret. Med seg har ho dei fire skodespelarane Jon Bleiklie Devik, Julie Moe Sandø, Marianne Krogh og Siren Jørgensen/ Charlotte Frogner, mens dramatiseringa er gjort av Toril Solvang i samarbeid med regissøren og Olaug Nilssen sjøl. — Sagt om romanen «Man trenger ikke store bøker for å løfte fram store temaer. Olaug Nilssen tar pusten fra leseren med sin lille roman.» VG (6) «Gripende kjærlighetserklæring» Adresseavisen (6) «Vi skjønner mer enn ordene. Får kjenne på hvordan det er å være moren til Daniel.» Hamar Arbeiderblad (6) «Noe helt for seg selv, dypt medrivende.» Dagbladet (5) «Olaug Nilssen skildrer en smerte som er så fysisk at jeg blir skjelven» Aftenposten «Raus og styrkende om kjærlighet, samhold og håp» BT «Olaug Nilssen har nok ein gong vist at ho er ei av Noregs skarpaste forfattarstemmer. Tung tids tale legg du ikkje frå deg upåverka.» Fædrelandsvennen (5) — På scenen Jon Bleiklie Devig, Siren Jørgensen, Marianne Krogh og Julie Moe Sandø. Team Regissør: Marit Moum Aune. Scenograf: Even Børsum. Lysdesigner: Ola Bråten. Lyddesigner: Nils Wingerei. Dramatiker: Toril Solvang Forestillingslengde: 2 timer 20 minutter (inkludert pause). Urpremieren på Riksteatret i Nydalen 24. august 2018 Turnépremiere på Kilden 28. august 2018 (5 gonger i Kristiansand) Turné til 50 stader med Riksteatret hausten 2018 Blir spela på Det Norske Teatret våren 2019 Riksteatret i samproduksjon med Det Norske Teatret og i samarbeid Agder Teater

Detaljer

Dato:
oktober 28, 2018
Tid
18:00 - 20:30

Arrangør

Brygga Kultursal Halden
Telefon
+47 41 75 39 00
Vis Arrangør nettside

Sted

Brygga Kultursal Halden
Tollbodgaten 4-6
Halden, 1767 Norway
Telefon
+47 41 75 39 00